Mykje kunne vore fiksa, vaska eller gjeve vekk til andre

Det seier elevane når dei ser kva vi får inn

Kvar vår får me besøk av alle 4. klassingane i SIMAS sine eigarkommunar. Mange er overraska over alt som vert kasta

Elevane får sjå kva som er i dei ulike kontainarane på miljøstasjonen. Dei lærer om gjenbruk og dei får sjå kva som er i gjenbruksbui. Dei lærer om avfallspyramiden, spelar SIMAS sitt sorteringsspelet, og dei ser på komposten.

Elevane er flinke til å sortere både heime og på skulen

Dagen startar med ein kort presentasjon og film om Simas, og eit fagleg opplegg.

– Elevane er ivrige og kjem med mange gode forslag til avfallsreduksjon og gjenbruk. Eg har inntrykk av dei er flinke til å sortere både heime og på skulen og at dei har mykje god kunnskap om dette, seier Aina Fauske som er ansvarleg for den faglege delen når skuleklassane er på besøk.

– Avfallspyramiden er ein figur som syner rekkefølgja på korleis ein ynskjer avfallet skal handterast med omsyn til avfallsreduksjon, gjenbruk, materialgjenvinning, energiutnytting og deponering. Avfallspyramiden vert òg nytta som utgangspunkt for å sjå vidare på avfallet som kjem inn på anlegget i Festingdalen, forklarar Fauske.

Overraska over kor lang tid det tek før avfallet er nedbrote  

Elevane øver seg på sortering via Simas sitt eige sorteringsspel, og dei får ei oppgåve der dei skal tippe kor lang tid det tek før avfall som vert kasta i sjøen vert nedbrote.

– Mange av elevane vert veldig overraska når dei ser kor lang tid det faktisk tek før avfallet vert nedbrote, seier Fauske.

Ikkje alt er bos

– Mykje kunne vore fiksa, vaska eller gjeve vekk til andre, meiner elevane når dei ser kva me får inn som restavfall, seier Karstein Teigen som syner elevane rundt i anlegget.

– Me ser at skulen spelar ei større rolle når det kjem til elevane sin kunnskap om avfallshandtering. Skular med fokus på dette har elevar som er interesserte og motiverte til gjenbruk, sortering og resirkulering. Det lovar bra for framtida, avsluttar Teigen.

Foto: Rita Bjelde, Kaupanger Skule