Verksemdene i Sogn får skryt for god kjeldesortering

bedrifter-resirkulering.jpg

– Trur det handlar om god handtering av avfall over tid. Folk i Sogn har kjeldesortert lenge.  

Det er Helge Evensen Bjørkum frå Aaa Miljø AS som seier dette. På vegne av Sogndal kommune har han nyleg vore hos oss i Festingdalen og fornya vårt sertifikat som Miljøfyrtårn, noko som skjer kvart tredje år.  

Evensen Bjørkum har vore hos dei fleste verksemdene  i Sogn som er sertifisert Miljøfyrtårn og har lagt merke til at dei aller fleste er flink til å kjeldesortere.

– Eg har vore hos mange verksemder ulike plassar i landet, og eg ser tydeleg at dei i Sogn er flinkare enn andre stadar, fortel Evensen Bjørkum.

Gode vanar

Han trur det handlar om gode vanar etablert over tid. Allereie i 1999 starta SIMAS med utsortering av papp i nokon kommunar. I 2002 var det kjeldesortering på alle fraksjonar i alle kommunar. Dette gjer at folk i Sogn er vande med å kjeldesortere, noko som gjer det lettare å vidareføre dette til arbeidsplassen. 

– I tillegg er arbeidet SIMAS gjør med skuleklassane viktig. Det kjem fleire hundre skuleelevar på besøk kvart år, og dei lærer fort. Kunnskapen og haldningane dei tek med seg heim til foreldra er bra. Det skapar gode haldningar hos foreldre som gjerne tek det med seg på arbeidsplassen. Eit godt arbeid i eit langsiktig perspektiv, forklarar Evensen Bjørkum. 

Ingen avvik

2. oktober hadde me sertifiseringsmøte i Festingdalen, for å bli resertifisert som Miljøfyrtårn. Dette vart godkjent utan nokon avvik. Det vart dokumentert eit velfungerande miljøleiingssystem integrert med andre HMS- og kvalitetssystem. Me fikk tilbakemelding på gode og tilfredstillande rutinar for alle kriterier som krev dette.

Den sist tida har me satsa meir på HMS. Dagny Ugulsvik Alvik vart tilsett i ei nyoppretta stilling som HMS- og kvalitetsleiar i april 2018. Det er godt å sjå at dette arbeidet nyttar. Rapporten seier mellom anna:

 «Dokumentasjon som ligg i miljøkartlegginga viser at verksemda ikkje berre har eit system som tilfredsstiller krav i nasjonalt lovverk, men som også fungerer i praksis og kjem både selskapet, leiinga og dei tilsette til nytte.»