Usikker på kva som er farleg avfall?

farlig avfall_maling.jpeg

Nytt appen Min Renovasjon, den vil fortelje deg kva bos som er farleg avfall.

Veit du at SIMAS har ein app? Appen skal hjelpe deg å bli betre på avfallshandtering. Du kan sjå kva bos som skal i kva behaldar og kva som er rekna som farleg avfall.

Du får òg vite når bosbehaldar vert tømt i di gate. Du får eit varsel med kva behaldar du skal setje ut. Du bestemmer om varselet skal kome dagen før eller same dag, og kva tidspunkt du ønskjer varselet.

Fleire funksjonar

Appen har fleire funksjonar. Du finn mellom anna opningstider og prisar, i tillegg til tømmekalender:

  • Få varsel når boset skal tømmast

  • Sjekk tømmekalender når du vil

  • Sjå kva som skal kastast i dei ulike behaldarane

  • Finn opningstider på miljøstasjonen din

  • Sjå ditt næraste returpunkt

  • Meld inn om boset ikkje vert tømt

  • Meld inn om behaldaren er øydelagt eller forsvunne

Lettare for deg – og lettare for oss å følgje opp. Prøv appen du òg. Den heiter Min Renovasjon, er gratis og finst på AppStore eller GooglePlay.

PS! Frå 2019 vil tømmekalenderen vere tilgjengeleg i appen og på våre nettsider. Ønskjer du å få den tilsendt, kan du ringe oss på nyåret.


Las ned Min Renovasjon her: