Tømmeruta i påska 2019

påskebilde SIMAS.jpg

I påska er nokre tømmeruter flytta grunna heilagdagar. Ver obs på dette og sett ut behaldarane før kl. 7 på tømmedag.

Endring på tømmeruta i påska:

  • Skjærtorsdag og langfredag er flytt til tysdag 16. april og onsdag 17. april. 

  • Måndag 2. påskedag er flytt til tysdag 23. april.

Sjå endringa som gjeld for di rute i kalenderen på heimesida eller ved å leggje inn di adresse i appen Min Renovasjon

Ein gjer merksam på at doble ruter enkelte dagar kan føre til forseinkingar.

NB! Last ned appen Min Renovasjon og du kan få varsling om tømmedag sjølv når den er flytta på :)

God påske!