Strandryddeveka og Strandryddedagen 2019

Ryddeaksjon Tromsø 2_foto_Lise Keilty Gulbransen.JPG

Kvart år deltek me på Strandryddeveka og Strandryddedagen, Noregs største kollektive ryddedugnad! Bli med du òg!

Ta fram hanskar, avfallssekkar og registreringsskjema du òg – me skal ut og rydde!

Hold Norge Rent køyrer i gong den nasjonale ryddekampanjen i veke 18. Strandryddeveka startar måndag 29. april og varer fram til og med søndag 5. mai. Laurdag 4.mai er sjølve Strandryddedagen.

Alle kan bidra: familie, vener, kollegaer, nabolag, idrettslag, velforeiningar, dykkarklubbar, bedrifter, barnehagar, skular, speidarar, miljøorganisasjonar, friluftslivet, fiskarar mfl. Når alle bidreg litt, vert resultatet stort!

Strandryddeveka og Strandryddedagen er ein aksjon som fokuserer på rydding av strandsoner og områder knytt til vassdrag. Eigne sekkar til marint avfall merka med Kystlotteriet må nyttast for å levere avfallet gratis og få lodd til premiering!

Dette gjer du:

  • Finn ut kvar du vil rydde

  • Meld inn ryddeaksjonen på Ryddeportalen

  • Engasjer familie, vener, naboar og/eller kollegaer til å vere med

  • Registrer tal deltakarar, kilo, meter rydda og konkrete funn når aksjonen er ferdig

  • Hent Kystlotteri-sekkar på miljøstasjonane våre. Dei er gratis både å hente og levere

PS! Miljøstasjonane til SIMAS heldt ikkje ope på Strandryddedagen, men tek imot sekkar knytt til Kystlotteriet i opningstida heile året


Om Kystlotteriet

Kystlotteriet er ei permanent ordning for strandrydding i nesten heile Sogn og Fjordane. Det er mogelegheiter for å vinna flotte opplevingar og premiar.

Kystlotteriet vart starta av Naturvernforbundet i Østfold, med Sten Helberg i spissen.

- Det er eit motivasjonsprosjekt, som starta opp som ein pilot på strandryddedagen 2016 i Fredrikstad og Hvaler, fortel Helberg.

Les meir her.