- No ser eg kor viktig kjeldesortering er

Silje-Husabø-(4).jpg

Jusstudent Silje (24) har hatt sin fjerde sommar som ferievikar hjå oss.

Silje Fagerli Husabø starta som sommarvikar i 2015. Då trengte ho, som jusstudent i Bergen, ein sommarjobb. Ein ven jobba hjå Simas og anbefalte Silje å ta kontakt. Veka etterpå starta ho.

– Den sommaren jobba eg ute på anlegget i Festingdalen. Eg likte det veldig godt. Kanskje ikkje so rart med den utsikten, det må vere Noregs finaste!

24-åringen hadde få forventingar då ho starta. Men ho vart overraska over kor spennande avfallsbransjen er. Silje meiner sjølv at ho har hatt ei bratt læringskurve og vorte langt meir bevisst på eiga kjeldesortering. Ho tenkjer meir på miljøet.

Silje ønskte å fortsette som vikar og kom tilbake til oss allereie jula same år.

– Då var det behov i administrasjonen, så eg vart kontorassistent, fortel ho.

Får relevant erfaring

I sommar har Silje òg jobba som sakshandsamar, noko som gjer jobben meir relevant for utdanninga. Jusstudenten har nemleg lyst å jobbe som sakshandsamar når ho er ferdig. 

– Eg får sjå på ulike søknadar og avgjere om dei er i tråd med Simas sine forskrifter. Det er til dømes søknadar om fritak frå renovasjonsavgifta, eller det kan vere klager på vedtak. Då får eg nytta jusskunnskapane mine.

Silje har alltid likt seg godt hjå Simas. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og folk er hyggelege og opne. Og så er det fleire sommarvikarar som kjem tilbake.

– Det har vore viktig for meg med ein sommarjobb der eg kan komme heim til Sogndal. Og når han i tillegg er så spennande og relevant, er det midt i blinken for meg å vere her.