– Det luktar ikkje søppel i Festingdalen

2019 Simas sommarvikar Andrea Alvik .jpg

Det seier sommarvikar Andrea med ein god latter på spørsmålet om det var noko som overraska ho når ho starta i sommarjobb hjå SIMAS

Andrea Alvik (17) er sommarvikar i administrasjonen hjå SIMAS. Ho skal handtere fakturaer, ha kontakt med kundar og andre administrative oppgåver.

– Eg var på SIMAS på OD-dagen, og tykte dette var ein spennade og kjekk arbeidsplass. Eg søkte difor sommarjobben når den vart lyst ut, seier Andrea.

OD-dagen eller Operasjon Dagsverk er Noregs største solidaritetsaksjon av, med og for ungdom. Dei jobbar for ei betre verd ved å setje global urett på timeplanen i den norske skulen. Dei spreiar kunnskap og engasjement for ei meir rettferdig framtid for alle.

Andrea er interessert i det som skjer i verda

Til hausten skal Andrea starte på 2. året på vidaregåande opplæring. Då flyttar ho frå Sogn til Eswatini i Afrika for å gå på United World College.

– Eswatini er eit lite monarki aust i Sør-Afrika. Planen er å vere der i to år. Eg reiser åleine, men eg veit om ei anna norsk jente som og skal starte der, fortel ho.

Miljøinteressa ligg i familien

Sommarjobben på SIMAS varer til 1. september, og Andrea kan gjerne tenke seg å kome att neste sommar.

– Eg likar meg svært godt til no. Renovasjonsbransjen er spennande, eg er interessert i miljø, eg likar å vere ute i naturen, og resirkulering er heilt sjølvsagt i min familie. Det er kanskje fordi mor mi òg jobbar i SIMAS, humrar ho.