Nyttig og meiningsfull sommarjobb for Håkon Andreas

2019 sommarvikar Håkon Andreas Seljeset.jpg

– Eg er godt nøgd med å ha fått sommarjobb hjå SIMAS, seier Håkon Andreas

Håkon Andreas Seljeset (27) jobbar som sommarvikar på miljøstasjonane.

– Dette er ein nyttig jobb, og det er meiningsfullt å ha ein jobb som går ut på å ta vare på miljøet gjennom kjeldesortering. I tillegg til at det er veldig kjekt å få vere så mykje ute i løpet av ein sommar og få bruke kroppen til fysisk arbeid, smiler Håkon Andreas.

Likar å arbeide med folk og møte og snakke med nye menneske

Håkon Andreas starta med to veker i Festingdalen for å gjere seg kjent og få opplæring. Resten av sommaren er han ute på dei ulike miljøstasjonane for å hjelpe kundar som kjem for å kjeldesortere.

–  Eg har alltid likt å hjelpe og rettleie andre menneske, seier Håkon Andreas.

Håkon Andreas er frå Hornindal og har akkurat avslutta ei bachelorgrad i musikk frå Høgskulen i Volda. Til hausten skal han ta ei praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som er ei lærarutdanning for dei som allereie har ei yrkesfagleg utdanning eller eit fagstudium, og treng formell pedagogisk kompetanse for å undervise.

– Det er ikkje berre berre å vite kvar alt folk kjem med skal vidare, men eg har lært mykje dei siste vekene, og no kan eg òg rettleie og hjelpe kundane når dei kjem for å kjeldesortere avfallet sitt.