Ynskjer fleire jenter velkomne til anleggsbransjen

2019 simas sommarhjelp Elise Kvalevåg  .jpg

Elise Kvalevåg (26) er sommarvikar i pressehallen som driftsoperatør

– Som driftsoperatør skal eg sortere avfall, lesse det opp og frakte det vidare rundt til rett sortering med hjulmaskina, forklarar Elise.

Det er fleire sommarvikarar hjå SIMAS i år. Men kvifor søkte akkurat Elise sommarjobb hjå SIMAS?

– Eg søkte på sommarjobben ved SIMAS fordi eg ynskte meg attende til bransjen, seier ho.

Har fagbrev som veg- og anleggsarbeidar

Elise har fagbrev som veg- og anleggsarbeidar og har jobba med faget sitt fram til i fjor sommar. Då flytta ho frå Sola til Sogndal for å studere til noko heilt anna: Vernepleiar. For Elise fall valet på Sogndal nettopp fordi bygda er passeleg stor og med korte avstandar til flott natur. På fritida brukar Elise naturen til å stå på ski, padle kajakk og gå fjellturar.

No i sommar er det sommarjobben på SIMAS som gjeld. I tillegg til å sortere avfall, lesse det opp og frakte det vidare rundt til rett sortering med hjulmaskina, er det og ein del administrativt arbeid.  

– Me noterer kva avfall som kjem inn på stasjonen som restavfall og farleg avfall, og kor store mengder me får inn. Me tek og temperaturen på slammet to gonger i veka. Det er ein del dokumentasjon knytt til stillinga som driftsoperatør, forklarer Elise.

Hjå SIMAS er det godt tilrettelagt for å vere jente i anleggsbransjen

Me avrundar samtalen med Elise og spør om det er noko ho ynskjer å trekke fram. Svaret kjem momentant:

– Eg vil gjerne oppmode fleire jenter til å arbeide i anleggsbransjen, seier Elise som er einaste jente på deponiet hjå SIMAS. Me har eit veldig godt arbeidsmiljø, alle er positive, kjekke og greie å ha med å gjere, så det er ingen grunn til at det ikkje skal vere fleire jenter her, seier ho.

På SIMAS er det òg spesielt godt tilrettelagt for å vere jente i anleggsbransjen seier ho, og forklarer at det mellom anna er eigen jentegarderobe. Elise håpar ho ser fleire jenter ute på SIMAS neste sommar.

– Dersom eg òg er så heldig å gå lov å kome attende, smiler ho. 

2019 simas restavfall utside.jpg