Sogndal ressurssenter med gjenbruk i fokus

  Nina er brukar ved Sogndal ressurssenter og viser korleis brikettane vert pakka.

Nina er brukar ved Sogndal ressurssenter og viser korleis brikettane vert pakka.

På drygt to år har dei selt fleire 100 spann med vedbrikettar, laga av bos frå andre.

Sogndal ressurssenter er eit velferds- og aktivitetstiltak, som ønskjer å betre og vedlikehalde funksjonsevna, skape positive opplevingar og gi størst mogleg trivsel for den einskilde.

– Me er interessert i arbeid og aktivitetar som gir brukarane våre meistring. Å lage produkt folk vil ha, som i tillegg er laga av gjenbruksmaterialar, gir oss mykje, fortel Anita Brusegard.

Brusegard er ei av dei som starta ressurssenteret for drygt 2,5 år sidan og er ei av dei kreative sjelene bak produkta dei produserer. Saman med dei andre tilsette har dei funne fleire smarte produkt som brukarane får til å produsere i lag med dei tilsette.

– «Ilag blir ting til». Det er mottoet vårt.

Populært produkt

Spann med vedbrikettar er utan tvil deira mest populære produkt. Folk kjem innom og handlar, eller kjøper når dei stiller ut på marknader.

– Me får tomme hermetikkspann frå Lerum som me vaskar og dekorerer. Dei fyller me med tennbriketter laga av avispapir, dyppa i stearin. Så her er alt gjenbruk, fortel Brusegard.

Avispapir får dei mellom anna av oss i SIMAS, medan stearinrestar kjem frå skolar, kyrkjehus og privatpersonar. I tillegg lagar dei produkt med restekapp frå mellom anna Jatak, stoffrestar få Bohus, og vatt frå Kid interiør.

– Du må gjerne sei at me treng meir stearinrestar, slik at folk kjem og leverer til oss, skyter dei tilsette inn.

Får større lokale

Sogn ressurssenter vert starta som eit tiltak frå Sogndal Kommune, og ser allereie behovet for å utvide. I dag er rundt 25 brukarar innom kvar veke, men frå nyåret skal dei ta i bruk større lokale på Kaupanger – for å kunne ta imot fleire brukarar.

– Me ser at det gir meisting å vere her. For nokon held det å vere til stades og observera, medan andre får oppgåver med mykje ansvar, fortel Brusegard.

Ressurssenteret er alltid på jakt etter arbeid. Og dei gjer mykje forskjellig. Til dømes sjekka dei 15.000 brøytestikkar for Presis Vegdrift i fjor.

– Slike jobbar likar brukarane våre godt. Det gir dei kjensla av å ha ein «ordentlig jobb».

  Anita Brusegard jobbar på Sogndal ressurssenter og viser fram kva dei sel.

Anita Brusegard jobbar på Sogndal ressurssenter og viser fram kva dei sel.

  Slik ser tennbrikettane ut før dei vert pakka.

Slik ser tennbrikettane ut før dei vert pakka.