Snart får alle eigen dunk til glas og metall

glas og metall.jpeg

Me ønskjer å utvide tilbodet vårt, og innfører ein fjerde avfallsdunk til glas og metall.

Me ønskjer å utvide tilbodet vårt, då me ser at mykje glas og metall går i restavfallet. Erfaringa frå andre avfallselskap er at ved å innføre eigen dunk til glas og metall so blir restavfallsmengda redusert og ein aukar mengde glas og metall. Dette er avfall som blir materialgjenvunne og er viktig i ei verd der det er viktig å ta vare på ressursane.

Difor ønskjer me å gjere det lettare å sortere glas og metall, og gir alle SIMAS-abonnentar ein eigen dunk – «den fjerde dunken».

Den nye dunken vil ikkje føre til auke i gebyret.

Håpet er at dei skal rullast ut neste sommar/haust. Meir informasjon kjem i løpet av våren.