Slutt på bleier i våtorganisk avfall – no skal dei i restavfallet

bleier-illustrasjon.jpg

Fram til no har det hjå SIMAS vore mogleg å kaste barnebleier i den våtorganiske dunken. Dette blir det no slutt på, og frå og med 1. februar skal bleiene kastast i restavfallet.

– I utgangspunktet var det ein god tanke å kaste bleiene i den våtorganiske dunken. Me fekk delt opp bleiene, der noko gjekk til kompostproduksjon og resten til forbrenning i lag med anna restavfall. Me ser at dette ikkje kan gjerast slik lenger av fleire årsaker, fortel direktør Hallvard Thomassen.

Bleier kan føra til auke av mikroplast i naturen

SIMAS har i fleire år jobba med å få fram kvalitetskompost av matavfallet. Dei siste åra har me fått auka kunnskap og fokus på kva negative påverknader mikroplast har på naturen. Me gjer difor no tiltak for å redusere plast inn i komposteringsanlegget.  Plasten kjem i hovudsak frå bleier.

– Me vil ikkje risikere at me slepp mikroplast ut i naturen. seier Thomassen.  Bleier er og blir eit blandingsprodukt som er vanskeleg å resirkulera på noko anna måte enn å hiva dei i restavfallet. Det er feil å sende dette gjennom komposteringsanlegget, for so å ta dette ut etterpå, når me kan ta det direkte i restavfallsdunken.

 Sluttar fleire stader

Renovasjonsselskap fleire stader i landet har erfart det same, og har slutta med bleier i våtorganisk avfall. Dei har innført, eller vil innføre, dei same reglane som me no gjer i Simas.

Det betyr at alle våre abonnentar må hive bleier i restavfallet frå 1. februar. Det vil føre til ein sjeldnare tømmefrekvens, då restavfallet blir henta kvar fjerde veke. Erfaringar andre stader, viser at dette ikkje blir noko stort problem.

– Nokre er gjerne redde for lukt, men Hedemarken innførte dette i fjor og dei fekk ikkje klager trass i ein veldig varm sommar. Eg har tru på at dette vil fungera godt.

– Bli betre på kjeldesortering

Thomassen trur mange har mykje å gå på når det kjem til kjeldesortering. Mange kan frigje plass i restavfallsdunken til bleier om dei vert flinkare til å sortere.

Stikkprøvar av avfall Simas får inn, viser at berre 25 prosent av restavfallet som blir kasta, eigentleg er restavfall. Det betyr at 75 prosent av det som blir kasta som restavfall, kan resirkulerast på anna måte enn brenning.  

– Blir ein flinkare til å sortere, skal det ikkje vere eit problem å få plass til bleiene i restavfallet. Hugs at vaksenbleiar alltid har vore kasta i restavfallet. Det har me ikkje opplevd som noko problem, fortel Thomassen – og lovar ein ting:

– Me skal hjelpe våre abonnentar til å bli flinkare å sortera, ved å nytte god informasjon framover. Me vil ta nye prøver til sommaren og då håpar me komposten er av mykje betre kvalitet, slik at dette kan nyttast i naturen – og at restavfallet berre består av restavfall.