Skal du la lauvet liggje?

Lauv haust

Lauvet dalar ned om hausten. Skal du rake det vekk - eller skal du la det liggje?

Mange er redd for brune flekkar og råte i plenen dersom dei let lauvet liggje. Men i fylgje fagfolk, er lauv ein ressurs du ikkje bør la gå til spille. Det kan til og med førebyggje ugras og mose i hagen din.

– Eg har høyrt naturforvaltarar be kommunar la lauvet liggje og at gartnarar ikkje stressar med å nytte raka. Lauv kan vere akkurat det din plen treng, skriv biolog Ine Vik på matmerk.no.

Kvifor ta vare på lauvet?

  1. Lauvdekket bidreg med humus og næring for plen og jord. Ekspertar gir følgjande råd: Køyr grasklipparen over lauvet. Jorda tek lettare opp næring når blada er finkutta, i tillegg unngår du at det vert sleipt og glatt. Set klipparen på høgaste nivå og prøv ein dag lauvet er tørt. Graset har òg godt av å overvintre med litt høgde, gjerne 5-6 centimeter. Eit råd mot mose: gi plenen god næring frå lauv og blad og vent med eventuell gjødsling til våren.

  2. Lauv kan nyttast som dekke over bed og rundt buskar. Plantar og vekstar får sakte tilskot av humus og næring, i tillegg til at lauvet har isolerande eigenskapar. Dette kan hindre ugrasfrø i å spire (men dropp å lempe lauv over laukbed).

  3. Lauv er enkelt å kompostere, og kompostgjord gir deg næringsrik jord til hagen. Kompostbingen kan du laga sjølv, eller du kan kjøpe ferdig hjå oss. Eventuelt kan du grave ned lauvet  i hagen. Dette hjelp nedbrytinga i gang.

Dette var vel gode nyheiter? Det einaste du må gjere er å vente på litt finver, og ta ei runde med grasklipparen før snøen kjem.

PS! Har du anna hageavfall du vil kvitte deg med? Me held ope heile året på våre mottaksplassar for hageavfall. Her kan du komme med alt av hageavfall.