Simas Næring blir til Sirkla Ressurs

Pressebilde nye Sirkla 1_med-logo.jpg

Nytt namn, ny visjon og ny dagleg leiar. Simas Næring blir til Sirkla Ressurs AS.

Det vart vedteke på styremøtet i haust. Simas Næring skal endra kurs, leggje større vekt på kjerneverksemda og forsterke verdiane sine. Dei ynskjer å skilje seg meir frå moderselskapet Simas IKS, som står for all renovasjon frå privat hushald. Sirkla Ressurs har fokus på næringslivet, i tillegg til containerutleige og transport av avfall.

– Me ønskjer å sjå meir på kva ressursar alt avfallet frå næringslivet kan gje oss. For oss i bransjen er sirkulær økonomi eit kjend omgrep. Det handlar om å halde ressursane i økonomien lengst mogleg. Dette gjer ein ved å redusere råvarebruk, avfall og utslepp, tenkje gjenbruk og halde energiforbruket til eit minimum. Det er ein slik tankegang me vil at bedriftene skal få inn i kvardagen, fortel Erik Stavø.

Stavø vart tilsett som ny dagleg leiar i august og har leia selskapet gjennom namneprosessen. Han er klar i sin visjon om at Sirkla skal vere den føretrekte næringsrenovatøren i regionen. Verksemder skal vere trygge på at avfallet dei leverer, blir handtert på ein miljøvennleg og trygg måte.

– Som dotterselskap av Simas IKS, har me mykje kunnskap i ryggen. Alt avfall går innom Festingdalen og gjennomgår dei same prosessane som alt anna avfall i Sogn. Difor veit me at det blir handert på best mogleg måte.

Gla’ i avfall

Næringsselskapet vart operativt frå januar 2015, som eit dotterselskap av Simas IKS. Då vart næringsselskapet leia av Hallvard Thomassen. Men ny dagleg leiar og fleire tilsette på plass, er ambisjonen å ta ein sterkare posisjon i Sogn.

– Me ønskjer å ha ein meir rådgjevande rolle i bedriftene rundt oss. Me ønskjer å gjere dei endå flinkare på sortering og gjenvinning, ved å rettleie og vise korleis. Det er så mange miljøgevinstar å hente på å gjere næringa betre, fortel Stavø.

Det handlar ikkje berre om å redusere forbruket, det handlar like mykje om å sjå verdien i ombruk.

– Gla’ i avfall, det er vårt nye slagord. Det er mykje positivitet i det og det ønskjer me å få fram.