Ser dunken din slik ut kan du få ny

skada dunk.jpg

Du kan melde frå om skada dunk på appen “Min Renovasjon”

Dersom dunken din er skada må du gje beskjed til oss slik at me får reparert den, eller byte den ut med ein ny.

Dersom ein behaldar har mista eit hjul eller feste til lokket kan sjåførane reparere dette i staden for at me må byte ut heile behaldaren. Du må fyrst melde frå til oss, slik at me får bestilt byte og/eller reparasjon. Sjåføren vurderer om han kan ordne det som er øydelagt, eller om han må byte ut heile behaldaren.

Gratis å få ny dunk

Dersom dunken din vert skada under tømming tek vi ansvar for å reparere utan at du må betale for det. Dette gjeld òg dersom behaldaren må bytast ut grunna normal slitasje.

Dersom behaldaren din er skada med vilje eller aktlaust bruk må du betale gebyr for levering av behaldaren, og utkøyringsgebyret er avhengig av storleiken på behaldaren. Ein 140 l behaldar kostar 141,24 kr, 240 l kr 283,75 og 660 l kr. 567,50.

Bruk appen

Appen har mange funksjonar. I tillegg til at du kan bruke han til å melde frå om øydelagd behaldar, kan du og:

  • Få varsel når avfallet skal tømmast

  • Sjekk tømmekalender når du vil

  • Sjå kva som skal kastast i dei ulike behaldarane

  • Finn opningstider på miljøstasjonen din

  • Sjå ditt næraste returpunkt

  • Meld inn om avfallet ikkje vert tømt