Pressemelding: SIMAS sluttar å sende ut avfallskalenderen i posten - satsar digitalt

pressemelding-avfallskalender.jpg

– Me vil spare miljøet for mykje bos og redusere kostnader. Dette trur me er bra for alle, seier direktør Halvard Thomassen.

Avfallskalenderen for neste år pleier å kome i posten i slutten av desember, men slik vil det ikkje vere i år. SIMAS har vedteke å slutte og sende ut kalenderen, for å spare miljø og redusere kostnader.

– Me vil vere framtidsretta og miljøvenlege. Å satse på digitale flater vil vere ei omvelting for nokon, men det trur eg er i ein overgangsfase. På sikt trur eg alle er tent med å tenkje slik, seier Thomassen.

Nytt SIMAS-appen

Det betyr at alle abonnentar kan finne avfallskalenderen i appen «Min renovasjon». Appen har vore tilgjengeleg lenge, men fleire er fortsatt ikkje klar over at han finst.

Ved å skrive inn gateadressa di, vil du automatisk få opp neste tømming på mobilen din via eit varsel. Du kan sjølv bestemme når du vil bli varsla, til dømes klokka 19 kvelden før. Då vil du få oppgitt kva dunkar du skal setje ut.

– Det som er så bra, er at endringar og heilagdagar blir oppdatert i appen, så du treng ikkje leite i avfallskalenderen for å finne ut kva som gjeld hjå deg. Du må berre følgje med på pushvarslingane som kjem. Då det blir lettare å følgje med for dei som har appen, fortel Victoria Charlotte Straumann, kundehandsamar hjå SIMAS.

Hjelper dei eldre

Dei som derimot ikkje er heilt komfortable med å nytte ein app, vil kunne finne avfallskalenderen på nettsida til SIMAS. Då kan du laste ned kalenderen og skrive den ut.

– Abonnentar som ikkje har moglegheit til å skrive ut, kan ringje oss å få ein kalender tilsendt i posten. Me vil òg ha nokre eksemplar på kommunehusa i år. Dette for å tilpasse oss dei som ikkje er så digitale, utdjupar Strauman.

Uendra gebyr

Direkte kostnadar for å trykke opp avfallskalendrar og sende i posten er rundt 70.000 kroner, noko som betyr 5 kroner per abonnent. I tillegg kjem det ein del administrasjonskostnader, då det ofte er mykje feilsending av kalendrar i dei ulike kommunane.

– Dette vil frigi midlar og tid me kan nytte til å bli betre på andre ting, fortel Thomassen.

Han er oppteken av SIMAS si utvikling, nyvinning og moglegheit til å gjere Sogn enda meir miljøvenleg.

– No vil me til dømes ha moglegheit til å tilby ein fjerde bosdunk til glas og metall. Denne kjem i løpet av seinsommaren/hausten til neste år, og vil truleg redusere restavfallet betrakteleg for mange, avsluttar direktøren.