Påfyll av avfallsposar frå Simas

bossekker-restavfall-og-matavfall-simas.jpg

SIMAS har utlevering av plastsekkar i veke 9 og 10, og utlevering av bioposar i veke 11 og 12.  

Me leverer ut ein rull med plastsekkar og to rullar bioposar per eining. Desse vert lagt på avfallsbehaldarane ved tømming desse vekene.

Hent gratis i 1 månad

Ved fleire høve kan det vere at einingar deler avfallsbehaldarar. Då er det ikkje alltid lett å sjå kor mange sekkar og rullar som skal leggjast ut.

Difor har dei som ikkje har fått tilstrekkeleg med posar og sekkar, moglegheit til å hente fleire posar gratis på tenestetorga inntil ein månad etter utlevering. 

Eit års forbruk

Ein rull med plastsekkar og to rullar med bioposar er rekna til eit års forbruk per bueining. Er behov for fleire plastsekkar/bioposar i løpet av året, kan desse kjøpast på butikk, tenestetorg eller miljøstasjon i dykkar kommune.