Nytt eigen sekk til julegåvepapir

Me hentar sekken ved første tømming av restavfall over jul.

Hugs at (nesten) alt julegåvepapir er restavfall. Dette fordi det meste av gåvepapiret inneheld fargestoff av leire. Rullen med plastsekker frå Simas inneheld 15 sekker, slik at ein skal ha ein ekstra sekk som kan nyttast til juleavfall. Denne sekken blir sortert som restavfall og må difor settast ut fyrste ordinære tømming for restavfall etter jul.

Dette er sjølvklart utan ekstra kostnad.

Nordmenn nytter enorme mengder gåvepapir i jula, papir som går rett i boset. Det dreier seg om rundt 60 millionar meter gåvepapir i løpet av julehøgtida, viser tall frå Fremtiden i våre hender.

Kva med å velje resirkulerbart julegåvepapir?