Nye pantesatsar frå september

nye-pantesatser.jpg

Panten aukar frå 1 til 2 kroner på små flasker, medan 2,50 blir til 3 kroner.

Klima- og miljødepartementet har bestemt at panten skal aukast. I dag er det høg retur på drikkeemballasje i Noreg, men det er fortsatt noko på avvege som forsøplar miljøet og naturen.

– Me aukar panten på alle flasker og boksar. Det vil gje folk ein ekstra grunn til å returnere tom emballasje, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen på Regjeringa sine nettsider.

Dei gamle pantesatsane på 1 krone og 2,50 kroner vart sist juster på starten av 90-tallet. Den reelle verdien var difor om lag halvvert.

Gamal pant for gamle flaskar

Dei nye satsane har i 2018 vorte innført gradvis, og skal etter planen vere på plass på alle nye boksar og flasker innan 1. september. Men i marknaden vil det fortsatt vere nokon eldre flasker og boksar igjen i butikkane og på lager som seljast med gamal pant til det er tomt. 

– Dei aller fleste panteflaskene i Noreg vert innlevert i dag, og me aukar panten for å fortsetje slik. Eg trur pantesatsar på 2 og 3 kroner er eit rett nivå som vil føre til at fleire flasker samlast inn, samtidig som produsentane sørger for tiltak som legg til rette for innsamling, seier Helgesen.

Hugs at det er forbode å forsøple naturen, og me i SIMAS oppmodar alle å nytte innsamlingssystema som finst.