Ny vinnar i Returkartonglotteriet!

Kenneth.jpg

Kenneth Lomås frå Leikanger er 10 000 kr rikare etter å ha skylt og bretta jus- og mjølkekartongar

– Eg var veldig overraska når Simas ringde, smiler den nybakte vinnaren.

 Kenneth har bretta både jus-, mjølk og andre kartongar i årevis, men hadde aldri trudd han skulle vere ein av dei som stakk av med 10 000 kr premien.  

– Det er jo ein draumetelefon å få, det å vinne i eit pengelotteri, smiler den ferske vinnaren.

Og gevinsten skal brukast til…

– Gevinsten går nok til reisekassa, seier den heldige vinnaren. – Det er mange stader ein skulle vore, og med to born i barneskulealder er det kjekt med sol, varme og badebasseng, smiler han.

– Eg trur det blir Hellas eller Italia, avsluttar den fornøydde vinnaren.


Korleis blir du med i trekninga?

Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet, og me i SIMAS syter for at abonnentane sine lodd vert med i trekninga. Dykkar lodd er ei kubbe med kartongar eller kun ein einskildkartong.

Du må skrive namn og telefonnummer på kubben. Ein kubbe må bestå av minst seks drikkekartongar stappa inni ein kartong. Legg kartongen eller kubben med kartongar laust i avfallsdunken saman med papp og papir. Du skal ikkje pakke kubben inn i ein pose eller liknande.

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000. For å kunne vinne hovudpremien må du levere ein kubbe, enkeltkartongar er kun med i trekkinga av kr. 10.000.

Kanskje me får endå fleire heldige vinnarar i regionen vår! Skyll, brett og stapp i veg, Sogningar!

Lukke til!


Fakta om Returkartonglotteriet

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000.

  • Seks tomme og skylla drikkekartongar skal vere bretta ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lok kan henga utanfor. For skulemjølk-kartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte. Du kan òg levere einskilde kartongar, men då kan du ikkje vinne hovudpremien på kr 100.000.

  • Deltakar skriv namn og telefonnummer på den de vil skal vinne på ”kubben” og leverer kubben i den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.

  • Kubbar vert trekt på 84 ulike trekkjestadar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kubbane går vidare til nasjonal trekning.


Tidligare vinnarar frå Sogn: