Ny krok held plastsekken på plass

krok-på-bos-samlet-bilde.jpg

Hekt plastretursekken på bosdunken til renovasjonsbilen kjem.

Kroken er eit tilbod til deg som ønskjer å plassere plastsekken betre ved bosdunkane. Det kan gjere transporten frå huset ut i vegen enklare og det gjer at sekken held seg der han skal - og ikkje blæs av garde.

Kroken har to «bøygar». Fest ein bøyg på handtaket på dunken og hekt posen på den andre. 

Kroken er tilgjengeleg på alle våre miljøstasjonar – og kostar kr. 40.