Ny dagleg leiar i Simas Næring AS

erikstavo.jpg

Erik Stavø (42) har med seg erfaring både frå Nav økonomiteneste, Sogn Billag og Maskinsenteret.

– Eg trur det er ein god kombinasjon for denne jobben. At eg har jobba lokalt i Sogn i 23 år, trur eg òg kan gi meg fordeler, fortel han.

Stavø har vore dagleg leiar sidan 1. august, då han tok over etter Hallvard Thommassen, som har vore midlertidig leiar.

Simas Næring AS er eit dotterselskap av Simas IKS. Medan Simas IKS tek seg av renovasjon og avfallshandlering frå private husstandar, driv Simas Næring as med avfall frå næringa og containerutleige både til næring og privat.

– Eg er spent på jobben. Til no har eg brukt tid på å setje meg inn i bedrifta, historia, dagens drift, kva som kan gjerast betre og korleis me kan gjere det. Og er har mange tankar og idear, fortel Stavø.

Me ønskjer Stavø velkommen og gler oss til å sjå kva tankar og idear han set i gang med.

Vite meir om SIMAS Næring AS? Sjå her.