No kan du få gratis kompost

IMG_E3091.JPG

Gratis kompost til abonnentane våre!

Me har ei avgrensa mengde kompost som er moden og klar til bruk. Komposten finn du i Festingdalen ved hageavfallet, og me har sett ut ein spade i komposthaugen. Komposten er i lausvekt og du må ta med eigna utstyr for å kunne frakte med deg komposten heim. Det er sjølvbetent og berre å forsyne seg.

Komposten kan brukast i bed, blomsterkrukker, dyrking av grønsaker og mykje meir. Du kan ikkje plante direkte i rein kompost, men blande komposten med jord, sand eller liknande i forholdet 30/70, der 30 % er kompost. 

Kompostjorda er laga i kompostanlegget vårt av det våtorganiske avfallet dykkar.

Kompost for å betre jorda  

Kompost er det «svarte gullet i hagen», fordi kompost gjev tilbake næringsstoff til jorda. Næringsstoffet inneheld rikeleg med mikroorganismar og humus. Dette bidreg til å betre jordstrukturen ved at jorda vert meir luftig og betrar evna å halde på vatn.

Lyst å starte med heimekompostering?

Hugs at du får 35 % avslag i renovasjonsavgifta og god pris på kompostbinge hjå oss dersom du startar med heimekompostering. Les meir om tilbodet vårt her.

Sjå varedeklarasjonen på komposten vi har produsert i Festningdalen her.