No får du tilskot til tøybleier

tilskot toybleier simas

Me har bestemt oss for å gje tilskot til dei som nytter eller vil nytte tøybleier. Dette gjeld frå 1. april i år.

 – Etter at me fjerna tilbodet om å kaste bleier i våtorganisk, ynskja me å sjå på ei løysing til småbarnsforeldre som òg er bra for miljøet. Me ser at fleire kommunar gjev tilskot til dei som nyttar tøybleier og har bestemt oss for å tilby det same, fortel Hallvard Thomassen, direktør i Simas.

Eingongsbleier er plastbasert og det er stor fare for å auke mikroplast i naturen, om bleiene vert kasta i matavfallet. Generelt er det også eit ønskje om å redusere bruk av eingongsprodukt som er basert på ikkje-fornybare råvarer.

Det betyr at du no kan få eit eingongstilskot på inntil 1000 kroner dersom du sender ein enkel søknad til Simas. Tilskotet du får er avgrensa til 50 prosent av kjøpesum. 

– Dette gjeld nykjøp av bleier, for at me skal kunne halde kontroll på kva som vert kjøpt og ha tilgang til kvittering. Dette er eit tilskot og meint som ein motivasjon for få fleire til å prøve ut tøybleier. 


 Vil du vite meir om tøybleier?

Det er mykje gode tips og råd på ulike grupper på Facebook, til dømes: