Matrestane dine aukar kvaliteten til epletrea på Njøs

Bilete frå potteforsøk på Njøs innan jordtrøyttleik i eple i 2017. Epletreet til venstre er planta i «trøytt» jord, medan epletreet til høgre er planta i «trøytt» jord tilført kompost. Foto: Liv Hatleli Gilpin.

Bilete frå potteforsøk på Njøs innan jordtrøyttleik i eple i 2017. Epletreet til venstre er planta i «trøytt» jord, medan epletreet til høgre er planta i «trøytt» jord tilført kompost. Foto: Liv Hatleli Gilpin.

Simas sin kompost frå matavfallet ditt hjelper epletrea til å vekse, og den hindrar sjukdom i epla

Det har Njøs Næringsutvikling og avfallsverksemdene Sirkla Ressurs og Lindum AS funne ut.

Tydlege resultat

- Resultata frå prosjektet var synlege både på sjølve epletrea, på røtene til epletrea og i analysane av jorda, seier Liv Hatleli Gilpin, prosjektleiar hjå Njøs Næringsutvikling.

Trea hadde vakse betre i jord med kompost. Det er og tydeleg visuell skilnad på mengde finrøter i jord med kompost og utan kompost. Finrøter er viktige for nærings- og vassopptak. Analysane av jorda synte òg at komposttilførsle gav ei positiv endring.

- Alle forsøk utført i prosjektet syner at tilførsle av kompost styrkar planteveksten, uavhengig av sjukdomstilstanden i jorda, forklarar Hatleli Gilpin. Vi kan altså konkludere med at kompost frå avfallsressursar er eit viktig jordforbetringsmiddel, seier Hatleli Gilpin entusiastisk.

Viktig bidrag til mat-tryggleiken

Store delar av produksjonen frå landbasert jordbruk går årleg tapt grunna plantesjukdomar og skadar på avlingar.

- Å ta vare på jordlivet er viktig for god plantevekst og er avgjerande for å få høgproduktive frukthagar med gode avlingar, stadfestar Hatleli Gilpin. Resultata våre vil dermed vere eit viktig bidrag til mattsikkerheita, seier Hatleli Gilpin.

Befolkningsvekst, klimaendringar, press på naturressursar og stigande råvareprisar dei siste åra har satt matsikkerhet høgt på dagsorden – både i Noreg og internasjonalt.

Internasjonalt forskarmiljø

Forskinga er gjennomført av dei to avfallsbedriftene saman med nasjonale og internasjonale forskarmiljø med spisskompetanse innan kompostering, mikrobiologi og jordfruktbarheit. Universitet i Oslo, Posznan Universitetet i Polen og Microbiotech Ltd i England deltek alle i den vitskaplege delen av prosjektet. Njøs næringsutvikling er prosjektleiar og utfører forsøk for å sjå om dei ulike komposttypane har sjukdomsundertrykkande eigenskapar.

Prosjektet er gjennomførd med støtte frå Regionale Forskingsfond Vest.