Leiger du ut hybelhusvære til studentar? Er dei flinke til å sortere avfallet sitt?

Mange studentar har flytta heimanfrå for fyrste gong i haust, og det er mykje nytt dei må lære seg no når dei ikkje lenger bur saman med foreldra sine. I ny kommune kan det vere andre rutinar for sortering enn kva dei er vane med, eller dei har ikkje tenkt særleg over sortering og levering av avfall tidlegare. Då er det fint om du som utleigar legg til rette for at studentane kan sortere avfallet sitt på ein enkel og effektiv måte på hybelhusvære sitt hjå deg.

Hjelp studentane til å sortere avfallet sitt

·      Last ned sorteringsguiden og heng den opp i studentbustaden! Heng den på innsida av kjøkenskåpet slik at dei kan kikke på den når dei er usikre på korleis noko skal sorterast.

·      Syn dei returpunkta der dei kan levere glasflasker, metallemballasje og klede og tekstilar, eller ha felles oppsamling på hybelhusvære eller garasje som du som vert tilbyr deg å ta hand om. Returpunkt i kvar kommune finn du på landingssida til SIMAS.

·      Fortel dei om appen «min renovasjon» som dei kan laste ned på google play og apple store. Appen gjev oversikt over sortering, tømmekalendar og returpunkt.

Returkartonglotteriet

Fortel studentane om returkartonglotteriet. Sjansen til å vinne 10 000 eller 100 000 kroner er god motivasjon for ein studentøkonomi!

Leiger du ut til studentar eller turistar som ikkje snakkar norsk?

Sorteringsguiden kan du òg laste ned på engelsk, spansk, tysk, somalisk, russisk, polsk og litauisk.