Slutt på at det vert sett ut container til innsamling av landbruksplast

72266332_415759032467795_8277221862879002624_n.jpg

Dei siste åra vart det sett ut containerar i kommunane til levering av landbruksplast. Det er det diverre no slutt på

– Ordninga har fungert godt med svært god hjelp frå gardeigarar og bønder som hjelpte til med å halde orden kring containerane, seier Hallvard Thommasen, direktør i SIMAS IKS.

Endra rammevilkår

- Ordninga med å setje ut eigne containerar for landbruksplast vart finansiert av næringsinntektene til SIMAS IKS. SIMAS har fått godtgjerdsle for å handtere landbruksplasten, men godtgjerdsla dekkar ikkje lenger utgiftene SIMAS har til landbruksplasten. Handtering av landbruksplast er ikkje ei lovpålagd oppgåve for SIMAS, og må dermed finansierast utanfor gebyrordninga. Det har òg vore vanskeleg å verte kvitt plasten, forklarar Thomassen.

Sentrale land, i hovudsak i Asia, har stoppa mottak av all plast til gjenvinning frå Europa. Utan kjøparar av brukt plast har råvareprisen for resirkulert plast falle dramatisk. Mange plastmottak i Noreg nærmar seg difor fulle lager. Mottaka har likevel plikt til å ta imot plast, og stiller større krav til at plasten er godt vaska og sortert.

Skal SIMAS sette ut containerar til dette føremålet må transporten av container dekkast av brukarane eller ved andre støtteordningar.

No skal landbruksplast leverast på miljøstasjonane i kommunane

Landbruksplast kan no leverast på miljøstasjonane til gjeldande m3-prisar.

Plastfraksjonane frå landbruket er primært folie (rundballeplast) og PP-sekk (gjødsel- og såkornsekkar). Fiberduk, solfangarfolie og hardplastemballasje kan òg leverast inn.

Ikkje all rundballeplast blir levert til gjenvinning

– I 2018 vart det seld 12.844 tonn rundballeplast. Av dette vart om lag 83 prosent returnert til mottak for gjenvinning, seier kommunikasjonsrådgjevar Arve Martinsen i Grønt Punkt Norge til klassekampen.