Kontainar til landbruksplast i Balestrand

vårrydding.jpg

Det vert sett ut ein kontainar til landbruksplast på miljøstasjonen i Balestrand onsdag 29.05.19. Me hentar inn att kontainaren torsdag 13.06.19.

Balestrand miljøstasjon er ope kvar onsdag kl. 12.00 – 19.00.

Plastfraksjonane frå landbruket er primært folie (rundballeplast) og PP-sekk (gjødsel- og såkornsekkar). Fiberduk og solfangarfolie, samt hardplastemballasje kan òg leverast inn.