Kvar kastar du fyrverkeri?

Kast brukt fyrverkeri i restavfallet, eller lever det som restavfall på miljøstasjonen.

Fyrverkeri (frå sortere.no):

  • Ubrukt fyrverkeri (udetonert fyrverkeri) leverast tilbake til ein butikk som sel fyrverkeri.

  • Fyrverkeri som er brukt skal kastast i restavfall eller leverast som restavfall på miljøstasjonen.

  • Hugs: Ta med deg fyrverkerirester etter oppskyting slik at dei ikkje forsøplar i naturen. Ta #5forhvalen samtidig og plukk med deg andre fyrverkerirestar og bos som ligg igjen etter nyttårsfeiringa.

Ha ei triveleg, trygg og miljøvennleg nyttårsfeiring!