Kva skjer med plasten?

Skjermbilde 2019-06-20 kl. 14.58.59.png

Hushaldningar leverer posar, folie, beger, boksar og flasker av plast som sjampoflasker, ostepakker, rømmebeger, vaskemiddelflasker og bereposar til SIMAS. Kva skjer med all plasten når SIMAS har henta den inn?

– Det er det mange som lurer på, stadfestar Geir Øygard, driftssjef ved SIMAS.

Hjå SIMAS vert all plast frå hushaldninga sortert ut som eigen fraksjon, pressa i ballar og sendt til Grønt punkt Noreg for gjenvinning.

Grønt Punkt er ansvarleg for plastinnsamling i Noreg

Verksemda Grønt Punkt Noreg har hovudansvar for plastinnsamlinga i Noreg. Verksemda vert finansiert gjennom eit gebyr som må betalast av alle norske vareproduserande verksemder som nyttar plastemballasje, for eksempel matvareprodusenten Tine. Gebyret på plastemballasje næringslivet nyttar til hushaldningsprodukt er 1,38 kroner per kilo.

Frå Grønt Punkt Noreg vert plasten sendt til store gjenvinningsanlegg i Nord-Tyskland.

På gjenvinningsanlegga i Nord-Tyskland vert om lag 80 % av all innsamla mengde plast sortert ut til materialgjenvinning. Resten er ureinheiter, etiketter og samansette kvalitetar som ikkje let seg skilje.

– Plasten som ikkje let seg resirkulere, vert brent for å lage elektrisitet eller fjernvarme, altså den prosessen me brukar på restavfall, forklarar Øygard.

Omlag all næringsplast vart gjenvunne

Plast frå næring vert òg gjennvunne. Dette vert óg sendt til Grønt Punkt Noreg, og tal frå 2016 syner at 48 % av denne plasten vart gjenvunne i Noreg, og 20 % i Tyskland. Resten av plastemballasjen vart gjenvunne i Asia. Nær sagt alt kunne gjenvinnast.

Utnyttar transportubalansen

Grønt punkt er opptekne av at all transport av brukt emballasje skjer så miljøeffektivt som mogeleg, og utnyttar transportubalansen me har i Noreg ved å bruke returtransporten. Dei prioriterer óg å transportere med tog framfor bil når det er føremålstenleg.

Samarbeid med Norsk Gjenvinning

Grønt punkt har eit nært samarbeid med Norsk Gjenvinning der det siste åra er innførd omfattande endringar med ulike krav til akkreditering av gjenvinnarar. Dette vert gjort for å sikre at den informasjonen Grønt punkt rapporterer om materilgjenvinning er korrekt, og at dei gjenvinnarane som vert nytta ikkje er korrupte eller driv med lyssky verksemd, heiter det på nettsidene til Grønt punkt.

Aktuelle lenker

Meir om gjenvinning avvplastemballasje frå hushaldninga her.

Meir om plastgjennvinning frå næringslivet her.