Kva gjer du når Prikken, Bamse eller Monsi døyr?

Du kan gravlegge kjæledyret i hagen din. Kjæledyret kan óg leverast som hushaldningsavfall til Simas.

Det kan kjennast vanskeleg å sende dyret som avfall, men hjå statlege mynde vert døde kjæledyr rekna som hushaldningsavfall. Det er derfor lovleg å pakke inn eit dødt kjæledyr og legge dette i restavfallsdunken. Restavfall vert brent til energigjenvinning.  

Du har óg andre alternativ for kjæledyret ditt. Du kan gravlegge kjæledyr i skogen dersom du unngår forureining av miljøet. Det du må syte for er å grave djupt nok til at kjøtetande dyr ikkje kan grave opp att kadaveret. Det fins óg smådyrkrematorium, som veterinær kan hjelpe deg med å sende det døde kjæledyret ditt til. Dei kan spreie oska i eit skogholt dei har tilgong til, eller du kan få oska att i ei urne. Spør veterinæren om informasjon kring dette.

Er andre sitt kjæledyr skada?

Ser du eit skada kjæledyr, eller er kome i skade for å køyre på eit kjæledyr sjølv, er du plikta til å stoppe for å hjelpe til. Denne plikta har du både ved skade på menneskje og dyr. Det du må gjere er å melde frå til politiet. Dei vil hjelpe til å varsle dyrehelsepersonell som er plikta til å yte hjelp straks når det er naudsynt for å redde liv.

Mange hundar og kattar er i dag merka med microcip, og dei kan scannast for identitet. Eigaren vil setje pris på å få beskjed sjølv om kjæledyret skulle vere dødt. Desse kan du kontakte for å lese av microchipen:

  • Viking redningsteneste 06000 (Samarbeidspartnar til Dyreidentitet)

  • Mattilsynet 22 40 00 00

  • Politiet 02800

  • Næraste veterinær. Sjå nettsidene til kommunen du er i for å finne ut kven du skal kontakte.

Ikkje legg bilete av døde kjæledyr på sosiale medium

Ta gjerne eit bilete du kan sende på førespurnad, men beskriv heller det døde dyret enn å legge ut bilete på sosiale medium. Det er trist for menneskje når kjæledyr døyr, vis omtanke ved å ta omsyn.