Kva gjer du med ribbefeittet?

Foto:    matprat.no

Ribbefeitt kan gjere stor skade på røyr og avløp. Her er kva du bør gjere.

Fyrst av alt: Ribbefeitt er perfekt til gjenbruk. Det har mykje smak og passar ypparleg i sausar, supper og dressingar. Eller kva med å helle ribbefeittet over dei omnsbakte potetane?

Du må i alle fall ikkje helle det i vasken. Det kan føre til store skadar på røyr og avløp - og tiltrekke seg skadedyr.

Om ein sjekkar sortere.no, er framgangsmåten summert slik:

Steikefett er Fett og matolje, og vert sortert som Matavfall.

  • La feittet stivne (avkjøl) før du sorterer det.

  • Tørk av rester av fett/olje frå steikepanner med tørkepapir.

  • Frityr- og matolje heller du i tette behaldarar. Små mengder kan du leggje i restavfallet, store mengder må du levere til næraste miljøstasjon.