Kva gjer du med lauvet i hagen din?

Vi er inne i første haustmånaden og lauvet er så smått starta å dale ned. Skal du rake lauvet vekk - eller skal du la det liggje?

Mange er redd for brune flekkar og råte i plenen dersom dei let lauvet liggje, eller dei tykkjer hagen ser uryddig ut med gamalt lauv liggande. Men i fylgje fagfolk, er lauv ein viktig ressurs du ikkje bør kaste vekk. Lauvet kan til og med førebyggje ugras og mose i hagen din.

– Ikkje berre overlever plenen, men plenen kjem til å sjå kjempeflott ut til våren!, seier ein entusiastisk Morten Bragdø, anleggsmeistar og plantefysiolog ved Randesund Planteskole.

Kvifor ta vare på lauvet?

  1. Lauvdekket bidreg med humus og næring for plen og jord. Ekspertar gjev følgjande råd: Køyr grasklipparen over lauvet. Jorda tek lettare opp næring når blada er finkutta, og du unngår at det vert sleipt og glatt. Set klipparen på høgste nivå og køyr den over lauvet ein dag det er nokolunde tørt. Graset har òg godt av å overvintre med litt høgde, gjerne 5-6 centimeter. Eit råd mot mose: gje plenen god næring frå lauv og blad, og vent med eventuell gjødsling til våren.

  2. Lauv kan nyttast som dekke over bed og rundt buskar. Plantar og vekstar får sakte tilskot av humus og næring, i tillegg til at lauvet har isolerande eigenskapar. Dette kan hindre ugrasfrø i å spire (men dropp å lempe lauv over laukbed).

  3. Lauv er enkelt å kompostere, og kompostjord gjev deg næringsrik jord til hagen. Kompostbingen kan du laga sjølv, eller du kan kjøpe ferdig hjå oss. Eventuelt kan du grave ned lauvet i hagen. Dette hjelper nedbrytinga i gong.

Dette var vel gode nyhende? Det einaste du må gjere når lauvet fell er å vente på litt godvêr, og ta ein runde med grasklipparen før snøen kjem.

PS! Har du anna hageavfall du vil kvitte deg med? Sjå oversikt over kvar du kan levere inn hageavfall gratis. Ver obs på framande artar!