Klede til overs?

Kast ikkje klede og tekstilar i restavfallet. Gje dei heller til Fretex!

Kleda dine kan ha mange gode år etter at du har gått lei av dei. Leverer du klede og tekstilar til gjenbruk og resirkulering hjelper du andre folk samstundes som du sparar miljøet for belastninga med å lage nye klede og tekstilar.

Tinga dine som du tenkjer har liten verdi kan vere til stor nytte for andre. Difor er det viktig at du ikkje berre kastar dei.

Visste du at Fretex samlar inn absolutt alt av tekstilar og klede? Fretex ynskjer til og med einslege sko og øydelagde klede, samt tekstilar med flekker som ikkje går av! Det som ikkje er i god nok stand til å verte seld vidare vert til nye produkt.

Av alle klede og tekstilar som Fretex samlar inn går 78 % til gjenbruk og 20 % vert resirkulert. Kun 2 % går til energigjenvinning. Det som går til gjenbruk vert seld i Fretex sine bruktbutikkar, eksportert for sal i bruktbutikkar i andre land, eller delt ut gjennom Frelsesarméen sitt sosiale arbeid.

På fretex sine nettsider kan du sjå kvar du finn innsamlingsboksane.

Klede av naturfiber er eit betre val

Du har kanskje sett diskusjonar om klede og mikroplast siste vekene? Syntetiske klede med kunstfiber som polyester, nylon, spandex og akryl gjev frå seg mikroplast ved vask og slitasje. Dette fordi desse kleda faktisk er laga av olje på same måten som plastik. Klede av naturfiber som bomull, ull, lin, silke, hamp, kork, skinn og lær er klede heilt fri for plast, og er eit mykje betre val for miljøet.  

Alle klede har eit miljø- og klimaavtrykk

Det beste du kan gjere er å bruke kleda dine litt lenger, vaske dei litt sjeldnare og når du ikkje treng dei meir – gje dei til Fretex!

Fretex sine innsamlingsboksar for klede og tekstilar. Foto: Fretex

Fretex sine innsamlingsboksar for klede og tekstilar. Foto: Fretex