Julekakar til overs? Ikkje kast dei!

Spar kakerestane og nytt dei i denne friske desserten - som er laga på 1-2-3.

Ein blir metta på julekaker på eit tidspunkt, gjerne før man har rukke å ete dei opp. Men ikkje finn på å kaste dei. Dei held seg lenge og passar ypparleg til denne gode, friske desserten.

Miks gjerne det du har av småkaker, eller vel ein sort. Kva du vel av bær og krem kan du avgjere etter kva du har i kjøleskåpet. Ein kan òg gjerne nytte iskrem.

3 ingrediensar:

  • Rester av julekaker

  • Friske/tinte bær

  • Krem/vaniljekrem/kesam/naturell yoghurt

Slik gjer du:

  1. Knus julekakene i foodprossesor eller i ein pose som du kjevlar over nokre gonger. Ikkje knus dei heilt, litt store smular er godt å tygga på.

  2. Legg kakesmulane lagvis med bær og krem, vaniljekrem eller naturell yoghurt. Her trengs ikkje sukker, kakene har rikelig av den sorten.

Desserten bør bli laga rett før servering, då held kakene seg sprø.