I år er miljødagen den 27. april

Då kan private abonnentar levera avfall på miljøstasjonene våre - heilt gratis. NB! I Leikanger held me ope fredag 26. april kl. 16.00-20.00.

Laurdag 27. april held me ope på alle miljøstasjonene kl. 10-14. Då er det gratis levering for private abonnentar. Me stiller med tilsette frå administrasjon og anlegg, samt tilsette i dei ulike kommunane, for å ta imot og hjelpe dykk å sortere.

Ein ypparleg mogelegheit til å få unna vårryddinga (dette er ikkje meint for dei som skal tømme eit heilt hus, men for dei som har eit lass avfall dei treng å bli kvitt).

NB! SIMAS tek kun imot restavfall i gjennomsiktige sekker - ikkje svarte bossekker.