Hugsar du å kasta bleier i restavfallet?

edited.jpg

Det har tidlegare vore mogleg å kaste barnebleier i den våtorganiske dunken, men det er det slutt på.

I utgangspunktet var det ein god tanke å kaste bleiene i den våtorganiske dunken. Me fekk delt opp bleiene, der noko gjekk til kompostproduksjon og resten til forbrenning i lag med anna restavfall.

– Men me ser at dette ikkje kan gjerast slik lenger, av fleire årsaker, fortel direktør Hallvard Thomassen.

Bleier kan føra til auke av mikroplast i naturen

SIMAS har i fleire år jobba med å få fram kvalitetskompost av matavfallet. Dei siste åra har me fått auka kunnskap og fokus på kva negative påverknader mikroplast har på naturen. Me gjer difor no tiltak for å redusere plast inn i komposteringsanlegget.  Plasten kjem i hovudsak frå bleier.

– Me vil ikkje risikere at me slepp mikroplast ut i naturen. seier Thomassen.  

Bleier er og blir eit blandingsprodukt som er vanskeleg å resirkulera på noko anna måte enn å hiva dei i restavfallet. Det er feil å sende dette gjennom komposteringsanlegget, for so å ta dette ut etterpå, når me kan ta det direkte i restavfallsdunken.

Det betyr at alle våre abonnentar må hive bleier i restavfallet - frå 1. februar 2019.

Les meir om saka her.