Har hauststormane herja for mykje med paraplyen din og du ser ikke anna råd enn å kvitte deg med den?

Veit du korleis du skal sortere den gamle parapyen din?

Paraply, med metallspiler vert sortert som «ting til gjenbruk» eller metall. Det kjem an på om paraplyen er i god stand, eller om den rett og slett er øydelagt.

Dersom paraplyen er øydelagt skal den sorterast som metall

Metall er all typar jern og metall som ikkje er emballasje. Skraphandlarar hentar metall (returmetallomsetnad) frå gjenvinningsstasjonar. Det meste av jernet vert resirkulert ved Noregs største gjenvinningsbedrift i Mo i Rana.

Kva blir paraplyen til?

Etter mottak, sortering og behandling vert jern, metall og andre gjenvinnbare deler selde til smelteverk og videreforedlarar i Noreg og utlandet. Fordi jern kan smeltast om, er paraplyen ei viktig råvare for industrien, og vert nytta i produksjon av nye jern- og metallprodukt.

Om paraplyen framleis er i god stand

Ting til gjenbruk skal vere gjenstandar i god stand. Dei kan leverast til bruktbutikkar og loppemarknader. I Festingdalen har me «bruktbui» som samlar opp produkt som er i god stand, og her er det berre å forsyne seg om du kan gje produkta eit nytt liv.

Om paraplyen ikkje er i god nok stand for deg, er det kanskje nokon andre som tykkjer den er retteleg fin og kan gje den ein ny vår før den vert til nye jern- og metallprodukt?