Hannah og ungane har vunne i Kystlotteriet 4 gongar i år

40056265_2211319535764194_5338454691762143232_n.jpg
40139853_2211319502430864_443621897784000512_n.jpg

– Det er utruleg kjekt. Eg og ungane har plukka mykje bos på Vangsnes, så det er gøy å bli premiert for det.

  Hanna Siguråst, vinnar i Kystlotteriet.

Hanna Siguråst, vinnar i Kystlotteriet.

Hannah Siguråst bur saman med tvillingane sine på 6 år i Vik kommune. Til vanleg jobbar ho i heimesjukepleien og driv nettbutikken Tøybleia.

Siguråst er oppteken av miljø og har teke tvillingane med på mange timar med strandrydding. Heile 60 sekkar med bos har dei plukka i år, både vår, sommar og haust. 

– Det høyrast kanskje mykje ut, men det er utruleg kor fort ein fyller ein sekk. Det er så mykje bos langs strendene våre her på Vangsnes, at du kan plukke frå same plass og fylle fleire sekkar. Eg trur vi fylte 11-12 sekkar berre på eit par timar.

Såpeflaske frå 1960

Siguråst trur mykje av boset kjem frå gamle bosdeponi i Sognefjorden. Dei finn nemleg gamle sjampoflasker, hårsprayflasker og mykje isopor.

– Vi har mellom anna funne ei Zalo-flaske frå 1960. Den var slitt, men elles like fin. Det seier litt om kor lenge plast kan liggja i naturen. Og så har me funne mykje sprengledningar, som truleg kjem frå sprengstein som vert lempa i fjorden. Det er mykje rart me finn her i fjøresteinane, fortel ho.

Med Hannah og ungane sin imponerande innsats for å rydde langs Sognefjorden, er det gledeleg at dei får premiar for innsatsen.

gamal zaloflaske
sprengledningar

Vann 4 ulike premiar

Det er Naturvernforbundet som står bak Kystlotteriet. Heile året kan du henta eigne sekkar og fylla dei med bos langs fjord, sjø og vassdrag. Når du leverar dei inn på miljøstasjonane, får du eit lodd som gir deg vinnarsjansar, både ved lokal, regional og nasjonal trekking.

Hjå alle miljøstasjonane våre, kan du hente slike sekkar og levere dei inn igjen gratis. Me har òg lodd me deler ut når du leverer inn sekken.

– Det er utruleg kjekt å vinne. Eg har aldri vunne noko før, så eg vart veldig overraska. Og at eg vann nok ein gong no i november, var overraskande, fortel Siguråst.

Under den lokale trekkinga 14. juni vann Siguråst og barna middag for to på Walaker Hotell i Solvorn. Under den regionale trekninga 20. juni, vann dei billettar til Utkantfestivalen og gåvekort hjå Førdefestivalen til 500 kroner.

10. november vann dei 1000 kroner i den regionale trekninga.

– Eg må innrømme at ungane begynner å bli lei av å plukke bos. Vi har teke med både laurdagsgodt, kakao og matpakke, og dei har vore veldig flinke. Men no har me ein liten pause og håper motivasjonen kjem tilbake etter kvart. Kanskje det hjelp no som dei veit at me vinn så ofte?

Les meir om lotteriet her.


Tre vinnarar frå Sogn

I trekkinga den 10. november var det tre som vann frå Sogn:

  • Johan Berge Feidje (15) frå Feios, vann 1000,-

  • Hannah Siguråst m/barn frå Vangsnes, vann 1000,-

  • Fjordtun Oppvekstsenter i Balestrand, vann 2500,-