Bli kjend med lærlingen vår Gaute Porten Øen

2019 Simas læring 1Gaute Porten Øen .jpg

Gaute er lærling i transportfaget

– Eg køyrer mykje lastebil, smiler Gaute, når me spør kva jobben hjå SIMAS går ut på.

Gaute er lærling i transportfaget, og skal vere halvanna år hjå SIMAS.

– Eg lærer mykje om transport og logistikk med all køyringa og lagerarbeidet, fortel han.

Overraska over mengda avfall som kjem inn til SIMAS

– Noko av det som overraska mest i SIMAS er dei enorme mengdene med avfall som kjem inn, seier Gaute. - I Festingdalen og ute på miljøstasjonane må me ha gode logistikk- og lagerløysingar for at det ikkje skal hope seg opp, forklarar han.

Minst tre gonger i veka er han ute hjå miljøstasjonane og hentar avfall. Det er sju miljøstasjonar i Sogn å hente avfall frå.

– Det vert mykje avfall inn til Festingdalen og mange kilometer i lastebilen, seier Gaute.

Hittil i læretida har Gaute teke både førarkort for klasse C og CE som er lastebil og lastebiltilhengar.

To år på skulebenken og to år som lærling

Gaute kjem frå Hyllestad i Ytre Sogn. Første året på vidaregåande opplæring gikk han teknisk og industriell produksjon i Dale, medan andre året tok han linja transport og logistikk. Etter to år på skulebenken er det to år med læretid for å få fagbrev. 19 veker av læretida er på yrkessjåførutdanninga på Kaupanger medan 1,5 år er ute i bedrift.

Gaute trivst svært godt hjå SIMAS, og tykkjer det er spesielt interessant å vere lærling i ein så spennande og miljøfokusert bransje.

– Eg har flinke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Etter læretida håpar eg så klart å få jobbtilbod i SIMAS, smiler Gaute.

Simas 2019 Lærling Gaute Porten Øen .jpg