Frå ølglas til kompostjord på få veker

Frå venstre: HMS- og kvalitetssjef Dagny Ugulsvik Alvik, driftsoperatør Per Johan Hove, driftssjef Geir Øygard, driftsoperatør Emil Bøen, Miljøsjef for Øyafestivalen, Ingrid Kleiva Mølle

Frå venstre: HMS- og kvalitetssjef Dagny Ugulsvik Alvik, driftsoperatør Per Johan Hove, driftssjef Geir Øygard, driftsoperatør Emil Bøen, Miljøsjef for Øyafestivalen, Ingrid Kleiva Mølle

Pionærarbeid

— Ja, vi kan ta i mot slikt avfall hjå oss, og det er kjekt å vere med på slikt pionærarbeid, seier HMS- og kvalitetssjef ved Simas Dagny Ugulsvik Alvik.

I fjor sommar tok Simas imot over fire tonn med brukte ølglas frå Øyafestivalen som no er laga kompost av. Ølglasa er laga av PLA som er nedbrytbar plast laga av overskot frå mais- og potetproduksjon og som kan komposterast.

Eitt av få anlegg som kan kompostere bionedbrytbar plast

SIMAS er eit av få anlegg i landet som komposterer bionedbrytbar plast.

— Siste året har vi testa ut ulike former for kompostering av ølglasa, og har positive erfaringar med dette, seier Ugulsvik Alvik.

Denne veka kom Miljøsjef for Øyafestivalen, Ingrid Kleiva Møller og dagleg leiar i A-packaging, Aasa Andersen på besøk for å sjå kva som hadde skjedd med dei fire tonn ølglasa frå festivalen i sommar.

Ølglasa får nytt liv som kompostjord i frukt- og bærnæringa

— Tidlegare vart komposten nytta som dekkmasse på anlegget. No ynskjer me å bruke kompostjorda inn mot frukt- og bærnæringa i regionen, seier Hallvard Thomassen, dagleg leiar ved Simas.

Stor interesse for alternativ til eingongsplast

— Me merkar stor interesse frå mange aktørarar som ynskjer alternativ til eingongsplast, og fleire ynskjer å nytte materiale som kan komposterast slik at ressursane går attende i kretsløpet, seier Geir Øygard, driftssjef ved Simas.

PLA ser ut som vanleg plast, men er laga av bionedbrytbart materiale som kan komposterast i industrielle komposteringsanlegg som vi har hjå SIMAS. Vi har erfart at PLA’en blir brote ned med rankekompostering. Ved å kompostere dette går ressursane tilbake i kretsløpet, og karbonet blir lagra i jorda.

Eit godt døme på sirkulær økonomi

— Dette er eit godt døme på sirkulærøkonomi i praksis, avsluttar Ugulsvik Alvik.

Sirkulær økonomi er eit prinsipp for økonomisk verksemd som har som mål at ressursar vert verande i økonomien lengst mogeleg. Dette vert gjort gjennom reduksjon av råvarebruk, avfall, utslepp, energiforbruk til eit minimum. Sirkulær økonomi har òg som mål at produkt skal gjenbrukas, gjerne også utanom det opprinnelege føremålet. Det motsette er gjerne linærøkonomi eller «bruk-og-kast-økonomi» fordi dette føreset at ressursar er uavgrensa.

Miljøsjef for Øyafestivalen, Ingrid Kleiva Møller og dagleg leiar i A-packaging, Aasa Andersen ser på ferdigkompost

Miljøsjef for Øyafestivalen, Ingrid Kleiva Møller og dagleg leiar i A-packaging, Aasa Andersen ser på ferdigkompost