Hageavfall og framande artar kan du leverer hjå oss

Når vårsola endeleg kikkar fram og hagen igjen byr til hyggelege augneblink, er uterommet ofte eit sørgjeleg syn. Snøen er i ferd med å forsvinne, og under snøen er det gjerne brune plenar, daude planterestar, lauv og rusk. Vårdraumen om ein flott sommarhage krev hagerydding, og då melder gjerne spørsmålet seg: - Kvar skal eg gjere av hageavfallet og korleis skal eg handtere dei svartelista artane?

Hageavfall og avfall frå framande artar kan du levere hjå Simas

Vanleg hageavfall leverer du hjå Simas eller på hagavfallsplassen. Framande artar frå hageavfallet ditt må du putte i gjennomsiktig tett pose og levere som restavfall. Du kan levere dei framande artane ved å putte posen i din eigen restavfalldunk heime, eller levere på miljøstasjonen gratis.

Kvifor må du separere framande artar frå hageavfallet ditt?

Ved å levera svartelista artar i tette gjennomsiktige sekker kan du hindra at plantar frå hagen din truar det biologiske mangfaldet. Det betyr at desse artane trivst så godt at dei utkonkurrerar andre artar som vi ynskjer å ta vare på. Svartelista artar må avgrensast og det mest effektive tiltaktet for å hindre spreiinga av svartelista planter er å sikre at dei vert levert til godkjent mottak.

Simas brenn dei framande plantene, som er uønska i norsk natur, saman med restavfallet.

Usikker på korleis dei ulike framande artane ser ut? Hjå Hageselskapet kan du sjå bilete og kjenneteikn på plantene.  

Les meir om hageavfall og framande artar.