Eg er ein del av problemet…

Skjermbilde 2019-06-27 kl. 20.42.39.png

Avfallsbransjen har denne veka vore samla til sin årlege årskonferanse. Dette er ein viktig møteplass for å drøfte utfordringar og moglegheiter i bransjen. For underteikna var konferansen i år veldig inspirerande. SIMAS har i sin strategiplan sett fokus på avfall som ressurs i ein sirkulær økonomi og dette er heilt tydeleg den vegen me må utvikla oss. Avfallsbransjen er ein viktig og sentral aktør i den sirkulære økonomien, både med omsyn til ombruk av avfall og klimautslepp. Skal me lykkast må me få til eit samspel mellom det du gjer heime og på jobb (menneska), det me som handterer avfallet (avfallselskapa) gjer, og det dei som skal bruka ressursane våre (marknaden) gjer. Her er me no i ei kraftig omstilling og utviklinga går fort. Ein ting som vart tydeleg presentert under konferansen var at det er eit engasjement blant ungdomsgenerasjonen for å finne nye løysingar no og at dei vil vere med å bestemme no! Dei er ikkje interessert i å ta «oppvasken» etter oss.

Min konklusjon etter konferansen er at min generasjon er ein del av problemet og mitt store spørsmål er om me er ein del av løysinga?

For å løyse utfordringane me står ovafor treng me ny kompetanse, ny samhandling og tydelege mål om kva med skal oppnå. Overordna mål er på mange områder klare – me skal til dømes gjenvinne 65% av husholdningsavfallet innan 2035, alle skal sortere ut plast og matavfall i løpet av 2023 etc. Me har ikkje alle løysingane for korleis me skal nå desse tala, og me har heller ikkje ein marknad som fungerer enno – men dette er eg sikker på at kjem!

Kva gjere so SIMAS? Me har gjennom fleire utviklingsprosjekt arbeida med desse problemstillingane, men me ser no at me også må tenkje heilt nytt. Neste år skal me utarbeide ny strategiplan for verksemda i lag med eigarane våre. Me har eit godt grunnlag i dagen visjon; «Ressursar på rett veg» og me må no sette tydelege mål og finne nye løysingar både på henting og handsaming av avfallet. Skal me lykkast må me få med ungdommen og utfordringa vår blir å engasjere desse i den vidare prosessen. Korleis skal me få til dette slik at også min generasjon kan bli ein del av løysinga?

Hallvard Thomassen
Direktør
SIMAS IKS

Innlegget stod på trykk i Sogn Avis tysdag 25.06.19