Du kan henta gratis avfallsposar ut april

bossekker-restavfall-og-matavfall-simas.jpg

Har du ikkje motteke plastsekkar eller bioposar? Då kan du hente på tenestetorget eller miljøstasjonen.

SIMAS hadde utlevering av plastsekkar i veke 9 og 10, og bioposar i veke 11 og 12.  Det vart levert ein rull med plastsekkar og to rullar bioposar per eining - lagt på avfallsbehaldarane ved tømming desse vekane.

Hent gratis i april

Ved fleire høve kan det vere at einingar deler avfallsbehaldarar. Då treng du gjerne fleire plastsekkar og bioposar. Eller kanskje du ikkje hadde ute behaldaren den veka me delte ut posane?

I så fall kan du henta posar gratis på tenestetorga og miljøstasjonene ut april.  

Påfyll ein gong i året

Ein rull med plastsekkar og to rullar med bioposar er rekna til eit års forbruk per bueining. Er behov for fleire plastsekkar/bioposar i løpet av året, kan desse kjøpast på butikk, tenestetorg eller miljøstasjon i dykkar kommune.