Brot på forureiningslova § 28 ved hytteconteinar

Resized_20190902_122010 (003).jpeg

Dette biletet er teke måndag 2. september 2019 ved hytteconteinaren på brøytestasjonen på Filefjell.

Byggje- og rivingsavfall kan innehalde stoff som kan vere skadelege for menneskje og natur. Det er difor viktig at avfallet vert levert inn på ein miljøstasjon slik at det kan handterast på rett måte. Isolasjon som Glava skal leverast inn og leggjast på godkjent deponi slik me har i Festingdalen. 

Biletet syner brot på forureiningslova § 28 og forureinar kan mellom anna straffast med pålegg frå kommunen.

SIMAS minner òg om at det kun er hushaldningsavfall som skal i hyttecontainerane, anna avfall skal leverast på ein miljøstasjon.