Ver med å plukk bos i haust

Mjøsa5_2017_foto_Lise Keilty Gulbransen.jpg

Bos som vert liggande, brytast ned til små bitar som gjer det vanskelegare å rydde når våren kjem.

I tillegg kan rydding om hausten beskytte dyrelivet og bidra til nødvendig opprydding før hekkesesongen til våren.

Grønt Punkt Norge arrangerer «Hold høsten ren» i veke 37, 10. til 16. september. Dette er ein landsomfattande ryddedugnad som vert arrangert i tilknyting til den internasjonale strandryddedagen, laurdag 15. september.

Ønskjer du å delta?

«Hold høsten ren» er ei oppmoding til å rydde langs fjord, kyst, vassdrag og innsjøar. Det er ein del av Kystlotteriet og gir deg moglegheita til å vinne premiar om du registrerer lodd på posane med bos du leverer inn.

Slik gjer du: Hent eigne sekkar for marint avfall på ein av miljøstasjonane våre (leverer og ut slike sekkar). Plukk maritimt avfall (gjerne i lag med venar og familie). Meld gjerne på ryddeaksjonen din, eller sjå om du finn aksjonar du kan bli med på i nærmiljøet ditt: Ryddeportalen.

Levering av boset

Lever sekkane gratis på ein av miljøstajonane våre (bossekkar, så nytt sekkane). Registrer deg når du leverer sekkane, så er du med i trekninga av fine premiar både lokalt og nasjonalt.

Sjå opningstider på miljøstasjonane våre (Festingedalen er ope alle vekedagar).

 

PS! Rydd gjerne andre stader i lokalmiljøet før vinteren. Hugs berre at Kystlotteriet sine bossekkar er meint for marint bos.