– Imponert over kor mykje ungane kan om kjeldesortering

  Feios barnehage på besøk i Festingdalen for å vise fram «monsterboksane» dei sorterer boset i.

Feios barnehage på besøk i Festingdalen for å vise fram «monsterboksane» dei sorterer boset i.

Fleire barnehagar har vore på besøk hjå oss i Festingdalen i år og imponert oss stort.

– Eg er veldig imponert over kor mykje ungane kan og kor flinke dei er til å sortere bos. Dei har vore veldig interesserte og motiverte for å lære om kjeldesortering og stiller mange gode spørsmål, fortel Aina Raasholm Fauske i Simas.

Me i Simas har hatt besøk av fleire ivrige barnehagar i Festingdalen, både frå Feios, Kjørnes, Leikanger, Sogndal og Solvorn. Me har hatt eit lite «fagleg» opplegg inne, der dei fekk lære om kva som skal i dei ulike avfallsbehaldarane. Deretter spelte dei eit sorteringsspel før me avslutta med ovvising ute på anlegget.

SIMAS-politi i heimen

Reidun Flatland i Feios barnehage seier Simas-besøket har vore både lærerikt og ei kjekk oppleving for ungar og vaksne.

– Foreldre fortel oss at dei no har fått Simas-politi i heimen, der ungane passar på at dei kastar rett bos i dei ulike behaldarane. Om dei gjer feil, tek ungane det oppatt frå behaldaren, fortel Flatland.

I Feios barnehage har dei jobba mykje med kjeldesortering i år. Dei har laga eigne avfallsbehaldarar saman med ungane, boksar dei kallar «monsterboksar». Ungane har teikna monsteransikt, som er limt på lokket. Lokket er det laga hol i, slik at dei kan kaste bos gjennom.

– Me har snakka mykje om kjeldesortering. Me samlar til dømes opp bos i ein kasse og let ungane, kvar og ein, få i oppgåve å sortere boset i dei rette «monsterboksane». Ungane har vorte veldig flinke til dette, seier Flatland.

Laga song om kjeldesortering

I Stedje barnehage har dei òg hatt mykje fokus på kjeldesortering, særskilt i forkant av besøket hjå Simas. Dei hadde ryddedag med bosplukking på Hagelinstranda og vegen oppatt til barnehagen. Dei har vore på besøk i butikken for å pante flasker og sjå korleis pantemaskina fungerer.  

I tillegg har dei gjennomført eit eksperiment i barnehagen, for å sjå om noko kan vekse like godt i jord med mykje avfall som i rein jord. Og i forkant av besøket hjå SIMAS hadde dei laga song om kjeldesortering, med musikkvideo!

– Dette imponerte oss veldig, fortel Raasholm Fauske i Simas.

  Stedje barnehage på besøk i Festingdalen. Dei hadde laga ein eigen song om kjeldesortering.

Stedje barnehage på besøk i Festingdalen. Dei hadde laga ein eigen song om kjeldesortering.