Abonnentane er flinke til å kaste bleiene dit dei skal

bleier-illustrasjon.jpg

Frå 1. januar i år skulle barnebleier i restavallsdunken. Tidlegare var det mogeleg å levere barnebleier som våtorganisk avfall

– Endringa har gått veldig bra, fortel HMS- og kvalitetsleiar Dagny Ugulsvik Alvik, og gjev abonnentane skryt for å vere flinke til å kaste bleiene i rette dunken.

Bleier kan føre til auke av mikroplast i naturen og difor skal dei ikkje i våtorganisk avfall

– I utgangspunktet var det ein god tanke å kaste bleiene i den våtorganiske dunken. Me fekk delt opp bleiene, der noko gikk til kompostproduksjon og resten til forbrenning i lag med anna restavfall. Bleier er likevel eit blandingsprodukt, der det var umogeleg å ikkje få med mikroplast inn i komposten når bleier vart kasta der, forklarar Ugulsvik Alvik.

Med auka kunnskap og fokus på dei negative påverknadene mikroplast har på naturen, ville SIMAS setje inn nødvendige tiltak for å redusere plast i komposteringsanlegget.

I tillegg til å redusere plast i kompostanlegget, har vi og eit ønskje om å redusere bruk av eingongsprodukt som er basert på ikkje-fornybare råvarer slik som bleier er. Frå 1. april har me gitt støtte til dei som ynskjer å gå over til å bruke tøybleier.

Auka kvalitet på det våtorganiske avfallet

SIMAS har i fleire år jobba med å få fram kvalitetskompost av matavfallet. Kompost er det «svarte gullet i hagen», fordi kompost gjev tilbake næringsstoff til jorda, og det inneheld rikeleg med mikroorganismar og humus.

– Komposten er betra sidan årsskiftet, noko som mellom anna er ein konsekvens av at barnebleiene ikkje lenger er del av komposten, seier Ugulsvik Alvik.

Du kan hente deg kompost gratis i Festingdalen.

– Bli betre på kjeldesortering

Ugulsvik Alvik trur mange har mykje å gå på når det kjem til kjeldesortering. Mange var bekymra for at dei ikkje fekk plass til bleiene i restavfallsdunken når endringa kom.

Stikkprøvar av avfall Simas får inn, viser at kun 25 prosent av restavfallet som blir kasta, eigentleg er restavfall. Det betyr at 75 prosent av det som blir kasta som restavfall, kan resirkulerast på annan måte enn brenning.  

– Me opplever at mange ynskjer å verte betre på å sortere avfallet sitt, og at fleire er opptekne av sirkulær økonomi. I ei verd der presset på naturressursar aukar sterkt, er det avgjerande for miljøet og klimaet at ressursar vert brukt og gjenbrukt meir effektivt, og det ynskjer både me og abonnentane våre, skryter Ugulsvik Alvik.