Har du fått faktura frå SIMAS og lurer på kva som eigentleg står der?

faktura.jpg

Her er ei liste med ofte spurde spørsmål

Faktureringa for 2. halvår er i gong - og her kjem ei liste med ofte spurde spørsmål. Dersom de innan 1. oktober ikkje har fått faktura, ta kontakt med SIMAS.

Avtalegiro

Grunna overgang til nytt faktureringssystem er det nokre endringar når det gjeld avtalegiro. Tidlegare har kvar eigedom hatt sitt eige kundenummer og ein kunne opprette ein avtalegiro per eigedom. I det nye systemet fylgjer kundenummeret eigar i staden for eigedomen. Det vil sei at kvar enkelt som opprettar avtalegiro med Simas alltid vil verte trekt for den eigedomen kvar enkelt eig. Har ein fleire eigedomar vil alle faktura gå frå same avtalegiroavtale. Har ein til dømes tre eigedomar som vert trekt frå tre ulike avtalegiroar, vil alle desse no verte trekt i frå ein og same avtale og konto.

I overgangsfasen bør alle difor sjekke at avtalegiro vert trekt frå ynskja kontonummer. Dersom avtalegiro vert trekt frå feil kontonummer må ein sei opp avtalegiro i nettbanken og opprette ein ny.

Kundar som ikkje har avtalegiro vil framleis få faktura per eigedom per post eller e-post.

Kven vert fakturert

Simas fakturerer kun eigar/festar av eigedomen. Det er eigaren av eigedomen som er ansvarleg for å betale renovasjonsgebyra, jf. Ureiningslova § 34. Dette betyr at Simas ikkje kan sende faktura til ein leigetakar, sjølv om eigaren og leigetakaren er samde om at leigetakaren som dekke kostandane. Dersom renovasjonsgebyra ikkje vert betalt, har Simas lovbestemt pant i eigedomen og kan om naudsynt tvangsinnkrevje avgifta.

Adresseendring

Simas sender faktura til den adressa som er offentleg registrert, då det er denne som kjem fram av matrikkelen. Abonnenten er sjølv ansvarleg for at rett adresse er registrert, og pliktig til å melde adressendring til Skatteetaten. Om det gjeld adresseendring ved eit dødsbu må den som sit i buet, sende 2 eksemplar av heimeserklæring samt kopi av uskifteattest til Kartverket. Namnet vil då bli endra til den som si i uskifte. Skjema er å finne hjå kartverket og skal sendast til: Tinglysing, Pb 600 Sentrum, 3507 Hønefoss.

Kommunale tillegg

I tillegg til kommunen sin andel av IKSet sine nettokostnader, skal kvar enkelt av kommunane sine eigne kostnader for renovasjon (til dømes offentlege avfallsbehaldarar) vere inkludert i gebyrgrunnlaget. Det vil seie at gebyret kan variere frå kommune til kommune, sjølv om kommunane samarbeidar i eit felles IKS.

Kvar bueining skal betale eitt gebyr. Dersom abonnenten står oppførd med fleire einingar i matrikkelen enn det han faktisk har, må abonnenten ta kontakt med Plan og Næring i sin kommune for å rette opp feilen.

faktura.jpg