Ta vare på dei edle delane dine

Duppedingsane dine inneheld edle metall som bør gjenvinnast

Har du òg ein gamal mobiltelefon liggande i ei skuff, kanskje ein øydelagd ladar og nokre andre duppedittar som går på batteri?

Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) inneheld edle metall og sjeldne grunnstoff som det er avgrensa mengder av i verda. Edle metall er forureinande og helseskadeleg å utvinne, og som kan skade mennesker, miljø og dyr om dei hamnar på avveger. Difor er det så viktig at du tek vare på dine edle deler. Lever EE-avfallet til gjenvinning!

Som privatperson kan du levere EE-avfall gratis på miljøstasjonen eller hjå forhandlar som sel liknande produkt.

SIMAS meiner at løysinga er å ta i mot alt elektrisk avfall på bemanna stasjonar.

Små ting gjer stor skade 

Det er ikkje berre verdifulle material i elektronikken. Både krinskort, litiumbatteri, lyspærer og mobiltelefonar inneheld óg miljøgifter som kan skade menneske, dyr og natur dersom dei ikkje blir behandla på ein forsvarleg måte.

Sjølv små mengder på avvege kan gjere stor skade. Det skal til dømes berre ei teskei kvikksølv til for å forureine ein middels stor innsjø. Trass det, kastar vi store mengder miljøfarleg avfall i restavfallet kvart einaste år. Rundt 7000 tonn EE-avfall hamnar kvart år i restavfallet, noko som tilsvarer 50 millionar iphonar.

Kvifor du må bry deg

  1. Du gir dei edle metalla sjansen til å få fleire nye liv. Me har berre ein jordklode og me må syte for å ta vare på han før det er for seint.

  2. Det er mindre forureinande å gjenvinne material enn å ta ut nye råstoff frå naturen. Mykje elektronikk inneheld i tillegg sjeldne grunnstoff som er svært forureinande og helseskadeleg for arbeidarar å vere i kontakt med.

  3. Du unngår at stoffa i EE-avfallet hamnar på avvege der dei kan skade både menneske, dyr og miljø. 

Les meir:

Forrige
Forrige

Me vil lage jord av beste kvalitet i kompostanlegget vårt

Neste
Neste

I denne dunken skal det kun vere papir og papp